
Nordre Nes
Garden Nordre Nes ligg i eit vakkert fruktlandskap på Nesodden, ut mot Norsjø i Telemark. Her er det eit særleg godt klima for fruktdyrking, og på garden har det vore dyrka eple for salg i over 100 år. Ved sida av eple, dyrkar vi også pærer, plommer, samt korn. Vi lagar vår eigen eplemost og eplesider, og har eit lite sesongope gardsutsal. Vi håper at eit besøk hos oss kan vere eit lite pusterom, og ønsker deg velkommen til å gå inn i bugnande, duftande frukthagar og plukke dine eigne eple.
Vi som bur her no er Tone Ness og Mikkel Aanderaa, dei to borna våre, hunden Fia og katten Susi.
«I eplemosten vår er det kun våre eigne nyplukka eple.»
Nordre Nes eplemost
Til eplemosten vår brukar vi kun våre eigne nyplukka eple. Sidan vi dyrkar og haustar epla sjølv, har vi god kontroll at det er god frukt som hamnar i mosten vår. Vi haustar epla ein dag, og neste dag vert dei pressa på det lokale presseriet i nærheten.
Nordre Nes eplemost inneheld kun eple, ingen tilsetningsstoff. Den skal serverast kald, passar perfekt som tilbehør til mat, eller som ein iskald leskande drikk aleine.
Mosten er pressa med fruktkjøtt. Dette vil etter ei tid synke til botn av flaska, det er derfor lurt å riste flaska godt før bruk.
Du kan bestille eplemosten i nettbutikken vår, kjøpe den i gardsutsalet vårt eller bestille for henting på garden. Sjå også lista vår over andre utsalsstader.
Gardsutsal
I den gamle stallen i låven vår har vi eit lite gardsutsal.
Her sel vi våre eigne produkt som eplesider, eplemost og eplebrus, og, etter sesong, nyplukka plommer og eple. Du finn også nokre andre produkt som vi synest passar fint inn hos oss, blant anna handlenett i økologisk bomull og ei nydeleg bakebok.
Vi har ope på hausten og fleire helger året rundt, dette blir publisert på Instagram og Facebook.
Gardsutsal hausten 2025
Ta kontakt med oss for opningstider. Eplemost og eplebrus kan også bestillast for henting hos oss. Det vi har nå i haust er dette:
Eple og plommer
Prestgard eplesider på 0,75 L flaske.
Eplebrus
Eplemost på flasker og 3L-kartong, og i gavepose.
Bakebok av Siv Svolvsbru og Hilde Mork: Volum 02 -bakst og grønne tanker.
Fotoposter “Poppy Song” av Hilde Mork.
Handlenett og nett til frukt og grønt i økologisk bomull.